Ingrid, en av årets Hald studenter, har skrevet en oppgave om musikk i Thailand og i den forbindelse intervjuet hun Ton, en gutt som har gått på musikkskolen vår her i slummen. Han går nå første året på det mest annerkjente musikkuniversitetet i Bangkok.
Har du familie? Ja eg har ei mor og ein far. Ingen søsken.
Kan du fortelle litt om oppveksten din? Eg kjem fra slummen. Har budd der heile livet og huset vårt er fortsatt sentrert i slummen.
Kva har Lovsangshjemmet betydd for deg? Det har betydd alt. Her fekk eg lære engelsk, moglegheit til å lære musikk, med meir.
Kor lenge har du spelt fiolin? Eg har spelt fiolin i åtte år.
Kor lenge øver du dagleg? Eg øver mellom tre og fire timar kvar dag.
Blir du stundom lei? Alltid! Haha. Men slik er det. Det er aldri så gale at eg lurer på å slutte. Eg elskar å spele fiolin.
Kvar musikk høyrer du på? Eg høyrer på klassisk musikk. Ved å lytte får eg ny gnist og blir inspirert til å øve og lære meir. Det er opera som er favoritten. Det er så flott!
Har du nok erfaring med tradisjonsmusikk? Ja. Eg vart introdusert for tradisjonsmusikken då eg var 13 år. Eg har lært meg å spele ulike instrument som Ja-kea og Pong lang. Pong lang er fra Isan (Nord-Øst Thailand).
Kva betyr musikk for deg? Musikk betyr alt. Eg får ny motivasjon ved å høyre på musikk, og eg drøymer meg vekk når eg speler.
Kan du gå ein dag utan musikk? Tja. Det er godt av og til. Men musikk er veldig viktig for meg. Eg liker best å lytte til musikk aleine. Så viss eg er med vener, høyrer me ikkje på musikk. Då er det kjekkare å berre sitte å snakke.
Kva skule går du på no? No går eg fyrste året på eit av byens beste musikkuniversitet. Det er veldig kjekt! Opptaksprøven gjekk fint. Eg var ikkje nervøs. Eg hadde spelt framfor folk mange gonger før. Lærarane på skulen er flinke. Det er motiverande for vidare læring.
Har du mange oppdrag? Ja. Eg speler mykje på gudstjenester rundt om i ulike kyrkjer. Skulen har også ein del konsertar. Pluss at eg er med i ulike små klassiske orkester.
Har du ein draum?Ja, mange! Den største draumen er å bli fiolinist. Men eg kjenner også at eg brenner for å bli lærar. Eg vil lære fiolin vekk til born slik at dei kan få moglegheita til å oppleve det eg har fått oppleve med musikken.